Klargjør siden...

Oppdrettsanlegg er i ferd med å bli turistmagnet

(NPK): Turistane strøymer til oppdrettsanlegg for å lære om norsk havbruk, og fleire visingsanlegg melder om rekordbesøk i sommar.

Medan norsk sjømatnæring opplever eksportvekst, strøymer rekordmange utanlandske turistar denne sommaren til norske oppdrettsanlegg, skriv Nationen.

Turistane vil lære meir om havbruk, og 20 oppdrettsanlegg satsar i sommar på visingar.

Blant turistane som ønskjer meir kunnskap om oppdrettsanlegg, er USA og Tyskland spesielt representert. I eitt av visingsanlegga i Brønnøysund har dei opplevd ei tredobling av talet på besøkande. (©NPK)

Annonse