ANNONSE
Annonse

Oppdrettsselskap må punge ut for å ha tørrlagt elv

Eit oppdrettsselskap i Sogn og Fjordane er pålagt eit gebyr på 400.000 kroner for brot på vilkåra om minstevassføring og tørrlegging av ei elv.

Det er Steinvik Fiskefarm AS som er pålagt gebyret av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), etter at Riselva var tørrlagd i nærare to og ein halv time 21. september 2017.

- Vi ser svært alvorleg på brot på krav om minstevassføring. Av omsyn til livet i elva skal det alltid sleppast tilstrekkeleg med vatn. Slepp av minstevassføring er ein avgjerande føresetnad for å få løyve til å bruke vatnet frå Riselva til setjefiskanlegget, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for NVEs miljøtilsyn for vassdragsanlegg.

Steinvik Fiskefarm kan klage avgjerda inn for Olje- og energidepartementet innan tre veker.

(©NPK)