Annonse

Oppfinnar vann i retten – tidlegare arbeidsgivar må betale 7 millionar

Ein oppfinnar av eit patentert fiskefôr har vunne fram i retten om eit krav på 7 millionar kroner i royalty frå den tidlegare arbeidsgivaren sin.

Oppfinnaren Arthur Lyngøy er òg sikra royalty av framtidige inntekter som Lofoten-firmaet Stim måtte ha på det patenterte fiskefôret Supersmolt Feed Only, skriv Teknisk Ukeblad.

Striden er ein av svært få om betaling for såkalla arbeidstakeroppfinningar som har nådd rettssystemet dei siste åra. Konsernet må òg endre patenta og patentsøknadene sine, slik at Lyngøy blir oppført som einaste oppfinnar. Lyngøy vann rettssaka mot den tidlegare arbeidsgivaren sin på alle punkt, skriv Sunnmørsposten.

Sjølv var veterinæren Lyngøy tilsett i eitt av selskapa i konsernet, ACD Pharmaceuticals, frå 2004 til 2015. Rettssaka vart behandla i Sunnmøre tingrett i mars.

(©NPK)