Oppgang på Oslo Børs – Rec vart vinnar i dag

Hovudindeksen ved Oslo Børs steig onsdag 1 prosent, til 1.206,83 poeng. Blant dei store vinnarane var Rec Silicon, som steig heile 25 prosent.

Produsenten av silisiummateriale melde etter børsslutt tysdag om ein avtale mellom dotterselskapet Rec Solar Grade Silicon og Hanwha Solutions. Ifølgje Finansavisen inneber han at Rec Silicon skal levere all silisium frå Moses Lake-anlegget i USA til storeigaren Hanwha. Rec-aksjen var den nest mest omsette på Oslo Børs onsdag.

Mest omsett var som vanleg Equnior, som steig 0,5 prosent. Også Norsk Hydro (+0,6), Frontline (+5,0) og DNB (+1,0) var blant selskapa med oppgang.

Blant dei ti mest omsette selskapa var det berre Aker BP (-0,3) og Telenor (-0,3) som fall.

Av selskap utanom hovudindeksen fekk Dof mest merksemd onsdag. Handelen med aksjar vart rett før klokka 12 stansa i påvente av ei kunngjering frå offshorereiarlaget, som prøver å løyse ei gjeldskrise. På det tidspunktet hadde aksjen falle litt over 11 prosent.

Ved dei tonegivande børsane i Europa var ikkje utslaga dei heilt store onsdag. I Frankfurt hadde Dax 30-indeksen noko etter klokka 17 stige 0,2 prosent, medan FTSE 100-indeksen i London og CAC 40 i indeksen i Paris fall høvesvis 0,3 og 02, prosent.

Nordsjøolje vart onsdag ettermiddag omsett for 84,42 dollar fatet, eit fall på 1,2 prosent frå nivået i natt.

(©NPK)

Sidan nyttår har hovudindeksen ved Oslo Børs stige 1,5 prosent. Illustrasjonsfoto: Beate Oma Dahle / NTB