Annonse

Opposisjonen gjentek krav om nedgradering av Frode Berg-rapport

Opposisjonspartia vil setje i gang ein prosess der Stortinget nedgraderer EOS-utvalets samandrag av Frode Berg-rapporten.

Stortinget fekk overlevert den graderte sluttrapporten i slutten av februar, men offentlegheita har så langt ikkje fått vite kva den inneheld.

Etter eit møte tysdag har Stortingets særskilde komité for Frode Berg-saka sendt eit brev til Stortingets presidentskap der fleirtalet i komiteen ber presidentskapet om å igangsetje ein prosess for at Stortinget nedgraderer EOS-utvalets samandrag.

Det skjer etter at Frode Berg forklarte seg for komiteen i ei lukka høyring på Stortinget førre veke.

SV reagerer

Også den 25. mars bad presidentskapet Forsvarsdepartementet om å nedgradere samandraget.

– Eg er redd for at denne saka vil svekkje kontrollen med dei hemmelege tenestene og EOS-utvalets tyngd og autoritet, seier Freddy André Øvstegård, SVs medlem i komiteen, til VG.

Brevet er signert av komitéleiar Dag Terje Andersen (Ap). Overfor VG stadfestar han at sju av 13 medlemmer i komiteen stemde for å be presidentskapet starte arbeidet med nedgradering.

Blir truleg nedstemt

Truleg vil rapporten ikkje bli nedgradert denne gongen heller, sidan Frp og regjeringspartia er imot nedgradering. Når han kjem til avstemming i Stortingets plenum, vil han dermed truleg bli nedstemt.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner det kan vere ein større tryggingsrisiko å leggje lokk på feilskjer og tabbar enn å sikre den openheita som trengst for å gjere ein skikkeleg ryddejobb.

– No må Frp og regjeringspartia stå opp for nødvendig openheit og bidra til opprydding i saka, ikkje feige ut og slå ring om det uforsvarlege hemmeleghaldet til forsvarsministeren, seier han.

(©NPK)

Frode Berg utanfor Stortinget etter ei høyring i samband med Frode Berg-saka i førre veke. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK