Annonse

Opposisjonen i Oslo krev gransking av Lan Marie Berg etter brot på arbeidsmiljølova

Opposisjonspartia i Oslo krev gransking av miljøbyråd Lan Marie Bergs (MDG) rolle etter fleire hundre brot på arbeidsmiljølova i Energigjenvinningsetaten.

NRK avdekte i august at tilsette på søppelanlegga i Oslo jobba ulovleg mykje. Energigjenvinningsetaten (EGE) har erkjent over 500 brot på arbeidstidsreglane.

Arbeidstilsynet har no gått inn i saka og krev å få vite kor mange lovbrot byråd Lan Marie Berg (MDG) var kjent med. Dei vil òg vite korleis etaten har informert henne om brota. Byrådsavdelinga ho styrer svarar likevel at dei ikkje har ei tilfredsstillande oversikt over innhald og omfang no, fordi dei ventar på ei PwC-gransking av etaten.

Tre anonyme varsel

Byrådsavdelinga bestilte granskinga etter å ha fått tre anonyme varsel med påstandar om alvorlege forhold i EGE.

Gruppeleiarane i Høgre, Venstre, Frp og KrF krev no gransking av både Berg og EGE. Dei ber Kontrollutvalet om å gå inn i saka.

- Det er heilt greitt at PwC undersøker kvifor det har gått gale. Men at ein ikkje enno har bygd seg opp system for sjølv å få vite brota til kommunen på arbeidsmiljølova, er veldig merkeleg, seier Øystein Sundelin frå Høgre.

Raudt vil ha svar

Eivor Evenrud (R) har heller ikkje forståing for argumentet om at PwC må konkludere før byråden kan informere om lovbrot i etaten ho har ansvar for.

- No er det snart eitt år sidan Berg fekk tala som NRK har slått opp. At byråden ikkje kan svare Arbeidstilsynet på spørsmåla, er oppsiktsvekkande, seier ho.

Det er berre to og eit halvt år sidan søppelkrisa i Oslo skapte storm rundt Berg. Dagbladet avdekte 2.000 brot på arbeidsmiljølova i søppelselskapet Veireno.

Byråd Lan Marie Berg vil ikkje stille til intervju om denne saka, skriv NRK.

(©NPK)

Gruppeleiarane i Høgre, Venstre, Frp og KrF krev gransking av MDGs byråd Lan Marie Berg og Energigjenvinningsetaten (EGE), etter at NRK avdekte over 500 brot på arbeidsmiljølova hos etaten. Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB scanpix