Annonse

Opposisjonsleiar vann omstridd presidentval på Maldivane

Opposisjonsleiar Ibrahim Mohamed Solih vann søndag det omstridde presidentvalet på Maldivane med 58,3 prosent av stemmene.

Annonse

Sitjande president Abdulla Yameen var venta å behalde makta etter presidentvalet, men enda med 95.526 stemmer, mykje mindre enn Solihs 133.808.

Presidentvalet har fått kraftig internasjonal kritikk, blant anna fordi opposisjonen og uavhengige medium har blitt pålagt restriksjonar. Yameen og Solih var dessutan dei einaste kandidatane som stilte til val, fordi dei andre utfordrarane enten er i fengsel eller lever i eksil.

Fredeleg overgang

Allereie fleire timar før dei offisielle resultata var klare, erklærte Solih seg sjølv som vinnar av valet.

- Eg oppfordrar Yameen til å respektere folkeviljen og til å bidra til ein fredeleg og saumlaus overgang, sa Solih i sin tale kort tid etter at dei førebelse valresultata var klare.

Totalt stemte 88 prosent av dei 262.000 røysteføre ved valet søndag.

Politiaksjon

Politiet gjennomførte laurdag ein aksjon mot valkampkontoret til opposisjonen. Årsaka til politiaksjonen er så langt ikkje kjent.

President Yameen brukte sin første presidentperiode til å konsolidere makt og fengsle opposisjonsmedlemmer, inkludert sin eigen halvbror, ein tidlegare president og to høgsterettsdommarar. EU har uttalt at dei ikkje ville sende valobservatørar til Maldivane fordi øystaten ikkje oppfylte grunnleggjande krav til overvaking.

- Med tanke på hendingane på Maldivane, er det lett å forstå kvifor så mange er bekymra for kva som kan skje på valdagen, tvitra den britiske ambassadøren James Dauris før valet.

(©NPK)

Opposisjonskandidat Ibrahim Mohamed Solih stemte kort tid etter at vallokala opna søndag. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB scanpix

Presidentvalet på Maldivane vart gjennomført trass i kraftig internasjonal kritikk. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB scanpix

Store folkemengder samla seg i godt vakta vallokale på Maldivane. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB scanpix