Optimisme i forkant av julehandelen

Fire av ti bedrifter innan varehandelen auka omsetninga dei siste fire vekene samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

Dette er langt høgare enn mange andre kriseramma bransjar, viser nye tal frå NHO Service og Handels medlemsundersøking.

Den byggjer på svar frå 3.800 bedrifter og viser korleis næringslivet er ramma av koronakrisa. Ser ein på alle bransjar under eitt, er det berre 17 prosent av bedriftene i NHO som har auka omsetninga dei siste fire vekene.

Sjølv om omsetninga auka, er det store forskjellar internt i handelsnæringa. Medan nokon opplever sterk vekst, mellom anna som følgje av auke i netthandel og mindre pengebruk på opplevingar, er spesielt sjølvstendige sentrumsbutikkar og enkelte kjeder hardt ramma av krisa.

– Optimismen forut for den viktige julehandelen og «Black Week» trur vi vil forsterke seg framover. Vi vil særleg oppmode til å handle lokalt og støtte den vesle og ofte sårbare verksemda i nærmiljøet ditt, seier administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service og Handel.

(©NPK)

Foto: Fredrik Hagen / NTB