Annonse

Ordførarar frå venstresida valt i Roma og Torino

Veljarar både i Roma og Torino har valt nye ordførarar frå venstresida i lokalval i helga.

Annonse

Roberto Gualtieri frå det sosialdemokratiske partiet Partito Democratico (PD), tidlegare finansminister, tok ein klar siger med 59 prosent mot 41 for ytre høgre-kandidaten Enrico Michetti.

Venstresida vann òg ein klar siger i Torino, der Stefano Lo Rosso vann over ein sentrum-høgre-kandidat.

Begge byane har dei siste åra vore styrt av ordførarar frå den populistiske Femstjernersrørsla.

Valet i Roma er eit nederlag for ytre høgrekoalisjonen med Matteo Salvini nasjonalistiske parti, Giorgia Melonis Italias brør (FDI) og Silvio Berlusconis Forza Italia, som har lege godt an på meiningsmålingane den siste tida.

Partia deira gjorde det dårleg i første omgang av lokalvalet for to veker sidan, då dei mellom anna tapte ordførarvalet i viktige byar som Milano, Napoli og Bologna.

I Roma var valkampen prega av klager på den dårlege tilstanden i byen, mellom anna med ei søppelkrise som er så alvorleg at overfylte søppelkonteinarar tiltrekkjer seg villsvin.

Valkampen til Michetti vart ramma av ein skandale førre veke, då han vart skulda for antisemittisme i ein artikkel han skreiv om holocaust i fjor.

(©NPK)

Roberto Gualtieri takkar for sigeren i ordførarvalet i Roma. Foto: Gregorio Borgia / AP / NTB