Orkla fall 7 prosent på Oslo Børs

Orkla fall rundt 7 prosent då Oslo Børs opna for handel tysdag etter at matkonsernet leverte kvartalstala sine. Hovudindeksen på børsen fall 0,06 prosent.

Tal for fjerde kvartal viser at Orkla opplevde auka kostnader gjennom heile verdikjeda i fjerde kvartal – noko som synest på resultatet. Resultatet frå konsernet før skatt enda på 1,7 milliardar kroner, noko som var ein nedgang på 8 prosent.

Etter 15 minutts handel fall matkonsernet rundt 7 prosent på Oslo Børs.

Også Norsk Hydro kom tysdag med kvartalstal og starta børsdagen med raude tal. Aluminiumprodusenten leverte eit justert brutto driftsresultat på 7,184 milliardar kroner i fjerde kvartal i fjor, ned frå 9,011 milliardar same kvartal i fjor. Her fall aksjen rundt 4 prosent.

Begge selskapa var blant dei fem mest omsette selskapa tysdag morgon. Equinor, som var det mest omsette, steig 1 prosent, medan Aker BP og Frontline steig høvesvis 0,5 og 2 prosent – som var dei andre tre selskapa på lista over dei fem mest omsette.

Hovudindeksen på Oslo Børs låg etter eit kvarters handel på 1.237,4 poeng, ned 0,06 prosent.

Oljeprisen var noko ned då børsen opna. Eit fat nordsjøolje vart omsett for 86,09 dollar fatet, tilbake 0,58 prosent sidan midnatt.

(©NPK)

Hovudindeksen på Oslo Børs låg etter eit kvarters handel tysdag på 1.237,4 poeng, ned 0,06 prosent. Foto: Erik Johansen / NTB