Oslo Børs avslutta veka svakt i pluss

Mowi gjekk kraftig opp og var vinnaren blant dei største selskapa då hovudindeksen på Oslo Børs auka 0,7 prosent til 904,91 poeng fredag.

Dermed har hovudindeksen på Oslo Børs hatt ein samla framgang på 1,9 prosent denne veka.

På toppen av omsetningslista låg Equinor, som steig 0,7 prosent til 180,75 kroner. Nest mest omsett var DNB, som steig 1,6 prosent. Telenor var tredje mest omsett og gjekk opp 0,1 prosent.

Mowi gjorde det best blant dei mest omsette selskapa, med ei stigning på 3,8 prosent. Med ein nedgang på 2,9 prosent gjorde Tomra Systems det svakast og vart dagens tapar.

Sjømatsektoren utmerkte seg mest i positiv retning og enda opp 2,7 prosent. Råvaresektoren markerte seg i motsett retning med ein nedgang på 1 prosent.

Oljeprisen fell

Prisen på nordsjøolje ligg på 64,8 dollar fatet fredag ettermiddag, eit fall på 18 cent. Eit fat amerikansk lettolje (WTI) blir omsett for 58,75 dollar, som svarer til ein nedgang på 15 cent. Nordsjøolja ligg framleis rundt 8 prosent over nivået frå før droneangrepet i Saudi-Arabia, men har falle tilbake rundt 4 prosent sidan opningsnivået denne veka.

Også kronestyrkinga som følgde oljeprisstigninga er så å seie reversert. Fredag svekte krona seg med 0,5 prosent mot euro, og 1 euro kostar no 9,94 kroner. Krona svekte seg med 0,9 prosent mot amerikanske dollar. Det inneber at 1 dollar kostar 9,01 kroner. Den siste veka har krona falle 0,2 prosent mot euroen og 0,8 prosent mot dollaren.

Blanda internasjonalt

På Wall Street var den leiande indeksen Standard & Poor 500 rundt klokka 17.30 opp 0,1 prosent, medan Dow Jones hadde auka 0,2 prosent.

For dei viktigaste børsane i Europa vart det ein blanda dag. I Frankfurt steig den tyske DAX-indeksen med 0,1 prosent, medan CAC 40-indeksen i Paris klatra 0,5 prosent. Ved 17.30-tida låg FTSE 100-indeksen i London an til å falle 0,3 prosent.

I Asia avslutta Nikkei-indeksen i Tokyo opp 0,2 prosent, medan Hongkong-børsen enda med eit fall på 0,1 prosent.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix