Oslo Børs enda veka med oppgang

Hovudindeksen på Oslo Børs steig fredag med 0,9 prosent. Dermed vart den siste dagen i veka også den beste.

Hovudindeksen enda på 935,21 poeng. Dermed enda veka 1,2 prosent lågare enn rekorden frå fredag førre veke.

Fleire av dei største og mest omsette selskapa gjekk kraftig opp gjennom fredagen. Equinor var mest omsett og steig med 4,6 prosent, følgt av Aker BP som vart nest mest omsett og som steig med 6,8 prosent.

Dagens vinnar vart likevel tankreiarlaget Frontline, som steig med 9,1 prosent.

Årsaka til at oljeselskapa har gjort det godt, er truleg at oljeprisen styrkte seg gjennom dagen. Ved børsslutt låg prisen på eit fat nordsjøolje på rundt 49,20 dollar, noko som er om lag 70 cent høgare enn torsdag ettermiddag. Fredag formiddag låg prisen så høgt som 49,83 dollar.

Oljeprisen var fredag den høgaste sidan 5. mars i år.

Entreprenørselskapet Veidekke vart taparen fredag med eit fall på 14,1 prosent. Resten av falla blant selskapa på hovudindeksen var alle godt under 4 prosent.

På dei viktigaste børsane i Europa var det også oppgang fredag. FTSE 100 i London hadde eit kvarter før stengjetid stige med 0,9 prosent, CAC 40 i Paris har stige med 0,4 prosent, og Dax 30 i Frankfurt har stige med 0,1 prosent.

(©NPK)

Oslo Børs steig den siste dagen i veka. Foto: Erik Johansen / NTB