Klargjør siden...

Oslo Børs fall nesten 2 prosent

(NPK-NTB): Oslo Børs følgde oljeprisen nedover og fall kraftig tysdag. Ved stengjetid var hovudindeksen gått ned 1,86 prosent til 597,29 poeng.

Samtidig som den sterkt oljesensitive hovudindeksen på ny dukka under 600-poengslinja, vart eit fat nordsjøolje selt for 47,95 dollar, meir enn 2 dollar mindre enn måndag ettermiddag. Fallet kjem av større produksjon enn venta i Nigeria og uvisse rundt brexit-tiltak.

Alle av dei ti mest omsette selskapa i Oslo fall i verdi. Storebrand og Subsea 7 tapte mest, med fall på høvesvis 4,5 og 4 prosent.

Også i Europa var det raude tal tysdag. Unntaket var FTSE 100 i London, som steig 0,3 prosent. CAC 40 i Paris fall 2 prosent. DAX 30 i Frankfurt enda med ein nedgang 1,9 prosent. (©NPK)

Annonse