Oslo kommune oppmodar alle serveringsstader til å registrere gjestene

Oslo kommune oppmodar alle serveringsstader til å registrere alle gjestene sine som eit tiltak mot koronaspreiing.

Det opplyste byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) på ein pressekonferanse måndag.

– Dette gjeld alt frå pubar til kafeen på Ikea, sa byrådsleiaren.

(©NPK)