Annonse

Oslo kommune tillèt 22 julekonsertar på Bislett stadion

Oslo kommune har gitt ein konsertarrangør løyve til å gjennomføre 22 konsertar på Bislett stadion.

Annonse

– Er det noko Oslo treng no, så er det intravenøs julestemning, seier Torhild Viken, dagleg leiar i arrangørselskapet Ona Live til Aftenposten.

Det var Avisa Oslo som var først ute med å omtale konsertane.

Torsdag kveld gav Oslo kommune klarsignal for 22 julekonsertar på Bislett stadion i desember. Koronareglane tillèt at 200 personar kan vere til stades på offentlege arrangement med fastmonterte seter.

Arrangøren skal plassere scena på løpebanen mot tribunen «store stå» der dei 200 publikummarane skal sitje i grupper.

Dei 22 konsertane skal gå over seks dagar mellom 11. og 13. desember og mellom 18. og 20. desember, då det skal haldast tre eller fire konsertar kvar av desse dagane.

Arrangøren jobbar no med å booke artistar til konsertane.

(©NPK)

Det blir julekonsertar på Bislett stadion i Oslo i desember. Foto: Heiko Junge / NTB