Oslo kommune vil overvake kvar folk er i påsken

Oslo kommune vil følgje med på kvar i byen folk er i påska. Folk som oppheld seg på stadar med for mange personar, kan få beskjed via SMS om å fjerne seg.

– Vi kjem til å ha verktøy der det er mogleg å overvake, sjå når det er mange ute, og så er vi òg nøydde til å setje ut vakter som kan sjå til at folk følgjer dei reglane som er sette, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) til NRK.

Kommunen kjem til å både ha eigne vakter ute pluss vektarar og frivillige frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp.

Kommunen kan òg overvake mobiltettleiken i eit område til kvar tid og sende ut SMS viss det er naudsynt.

(©NPK)

Byrådsleiar Raymond Johansen (AP) ber folk i hovudstaden om å halde seg heime i påska. Kommunen vil følgje nøye med og sende SMS til folk som oppheld seg på tett befolka stadar for å be dei fjerne seg.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix