ANNONSE
Annonse

Oslo lufthamn senkar temperaturen for å spare straum

Hittil i år har Oslo lufthamn brukt 136 millionar kroner på straum. No senkar Noregs hovudflyplass temperaturen.

– Vi senkar no temperaturen i terminalen og andre bygg, og ser på ei rekkje andre tiltak for å spare straum, seier Stine Ramstad Westby, lufthamndirektør på Oslo lufthamn, til Romerikes Blad.

Flyplassen på Gardermoen bruker rundt 100 millionar kilowattimar i året. Dei første månadene i år brukte Oslo lufthamn 136 millionar kroner på straum.

No senkar dei temperaturen med 1–2 grader frå dagens normalnivå på rundt 22 grader i område der folk ferdast. I område med annan aktivitet blir temperaturen senka frå eit noko lågare nivå.

Oslo lufthamn reknar med å spare 1,5 gigawattimar i året på temperatursenkinga, tilsvarande årsforbruket til 75 einebustader.

– Vi merkar at straumprisane er skyhøge, sjølv med gode energiavtalar og energieffektive bygg. Så det å sjå på alle moglegheiter til å spare straum og redusere energibruken er viktig for oss no, seier Westby.

(©NPK)

Oslo lufthamn senkar temperaturen. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

ANNONSE
Annonse