Klargjør siden...
Annonse

Oslo taper millionar på dyrare parkering

(NPK-NTB): Byrådet i Oslo auka parkeringsavgifta i sentrum med 50 prosent. Det kan ha kosta kommunen 85 millionar kroner fordi færre parkerer på avgiftsplassane.

Då byrådet i Oslo i desember i fjor skrudde opp prisane på parkering i sentrum, rekna dei med å tena nesten 80 millionar kroner meir på parkering. Men i revidert budsjett som blei lagt fram torsdag, skriv byrådet at færre parkerer på betalingsplassane. Samtidig tek gratisplassar for elbilar stadig fleire av plassane, fortel NRK.

Oslo kommune ligg difor an til å få inn 85 millionar kroner mindre i parkeringsinntekter enn dei har budsjettert med.

Finansbyråd Robert Steen (Ap) meiner denne utviklinga kan bety at bilbruken har gått ned eller at folk utnyttar private parkeringsplassar betre etter at dei auka avgiftene.

Høgre er ikkje overraska.

– Vi åtvara mot dette allereie då budsjettet blei vedteke, seier Høgre-politikaren Øystein Sundelin til NRK. (©NPK)

Annonse