Annonse

Oslo universitetssjukehus har tilsett muslimsk samtalepartnar

Oslo universitetssjukehus har tilsett norsk-somaliske Abdifataah Mohamed Mahamud i den nyoppretta stillinga som muslimsk samtalepartnar og rettleier.

Mahamud jobbar i dag som imam ved Islamic Cultural Centre, og han byrjar i stillinga, som er ei 30 prosents prosjektstilling, 1. juni. Han skal jobbe i eit team med rettleiarar ved sjukehuset, skriv Vårt Land.

Opphavleg fekk Oslo universitetssjukehus og sjukeheimsetaten i Oslo midlar til å tilsetje ein sjukehusimam, for å gi pasientar og pårørande som tilhøyrer andre trus- og livssynssamfunn enn kristne eit likeverdig tilbod. Etter kvart vart stillingstittelen endra til muslimsk samtalepartnar og rettleier, sidan imam ofte er ein posisjon reservert for menn.

Det var 49 søkjarar til stillinga. Inga av dei 21 kvinnene som søkte var kvalifiserte, sidan eit av stillingskrava var teologisk utdanning, ifølgje Oslo universitetssjukehus.

– Han er språksterk, har tillit i det muslimske miljøet og er oppteken av dialog, seier rådgivar Ingrid Vassli Flateby ved avdeling for samhandling, helsekompetanse og likeverdige helsetenester.

(©NPK)

Også pasientar og pårørande med andre livssyn enn det kristne skal få eit tilbod ved Oslo universitetssjukehus. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB