Annonse

Oustorp trur på ny norsk storsiger i VM

To overlegne VM-triumfar er i boks for Noreg. No ventar ein spennande kamp for handballjentene. – Ikkje så sikker på det, seier NRK-ekspert Geir Oustorp.

Noreg mot Romania i meisterskap har ikkje sjeldan vore ganske jamt.

– Eg trur det kan bli ganske mykje, seier Oustorp til NTB.

Og han snakkar om den norske sigersmarginen mot rumenarane. Romania har ikkje med seg stjerna si Cristina Neagu denne gongen.

–Vi skal både spele og disponere for å vinne. Det blir nummer éin fordi dette jo på eit vis er den første kampen i hovudrunden, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson til NTB.

Etter Romania-kampen skal Noreg møte anten Puerto Rico eller Usbekistan. Det blir eit oppgjer omtrent på linje med kampane mot Kasakhstan (46-18) og Iran (41-9).

Puerto Rico og Usbekistan har i snitt sleppt inn 51,75 mål hittil i VM etter fire kampar mot Sverige og Nederland. Dei to sistnemnde blir òg motstandarar for Noreg i hovudrunden.

(©NPK)

Nora Mørk (t.v.) og Stine Bredal Oftedal møter Romania i handball-VM. Foto: Beate Oma Dahle / NTB