Over 100.000 koronarelaterte dødsfall i Storbritannia

Storbritannia har passert 100.000 koronarelaterte dødsfall. Talet tysdag viser 1.631 nye dødsfall, noko som aukar den totale summen til 100.162.

Det skjer berre 76 dagar etter at landet passerte 50.000 koronarelaterte dødsfall, skriv Sky News.

Landet er det femte i verda til å passere så mange koronarelaterte dødsfall. Resten av dei er USA, Brasil, India og Mexico.

Talet er dobbelt så mange som vart drepne av den tyske bombinga av Storbritannia i 1940/41.

(©NPK)

Koronapandemien skapar hovudbry for statsminister Boris Johnson og resten av den britiske befolkninga. Foto: Jack Hill / AP / NTB