Annonse

Over 100.000 kroner i bot for klimabråk på Stortinget

Klimademonstrantane som førre veke forstyrra Stortinget i arbeidet, fekk til saman 118.000 kroner i bot. Måndag vart medlemmer av gruppa arresterte igjen.

Annonse

Oslo politidistrikt opplyser til NTB at sju personar vart arresterte etter aksjonen på Stortinget førre onsdag. Aktivistane vart sette fri etter mellom åtte og elleve timar og fekk mellom 10.000 og 22.000 i bot kvar.

For fire av dei inkluderte summen òg ein annan aksjon, der dei limde seg fast til Noregs Bank.

- God dialog

Måndag var gruppa, som kallar seg Extinction Rebellion, på ferde igjen. Ti demonstrantar vart arresterte i samband med ein demonstrasjon utanfor Klima- og miljødepartementet.

Demonstrasjonen var varsla, og politiet hadde god dialog med demonstrantane, opplyser operasjonsleiar Sven Christian Lie i Oslo politidistrikt til NTB.

- Vi hadde heile tida ein dialog med departementet om det var ønskeleg med demonstrasjonen, og det var det i utgangspunktet. Men etter ein time vart vi bedne om å fjerne dei fordi dei blokkerte inngangspartiet, seier han.

Ti personar vart arresterte fordi dei ikkje etterkom pålegget frå politiet.

Klubba fleire gonger

Gruppa vart for alvor kjend då dei skapte spetakkel på Stortinget førre veke ved å rope frå galleriet.

- Stille! sa Eva Kristin Hansen (Ap) frå Stortingets presidentskap medan ho fleire gonger klubba for å få ro i salen.

Det vart det ikkje, fordi demonstrantane nekta å etterkomme kravet om å halde seg roleg.

Tok pause

Eit opptak på Stortingets nett-tv viser korleis ein av aktivistane las ein appell frå eit ark medan han vart filma av ein annan person på galleriet. Ei vakt prøvde å dra han bort frå staden, men han stritta imot.

Stortinget vart til slutt nøydd til å ta ein pause fram til galleriet vart tømt.

Extinction Rebellion beskriv seg sjølv som ei opprørsgruppe som nyttar ikkje-valdeleg sivil ulydnad for å tvinge styresmaktene til å erkjenne alvoret og ta dei avgjerdene som er nødvendige for å motverke klima- og miljøkrisene verda står overfor.

(©NPK)

Ein klimademonstrant som ropte ut bodskapen sin til representantane frå galleriet på Stortinget, sørgde for at debatten onsdag måtte avbrytast i fleire minutt.
Foto: Stortinget TV / NTB scanpix.

Måndag demonstrerte aktivistar frå miljørørsla Extinction Rebellion utanfor Miljøverndepartementet i Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.