ANNONSE
Annonse

Over 20 drepne i Taliban-angrep i Afghanistan

Ei rekkje Taliban-angrep mot afghanske tryggingsstyrkar har kravd 21 menneskeliv vest og nord i landet, opplyser lokale styresmakter.

Opprørarane gjekk onsdag til angrep mot fleire av stillingane til regjeringsstyrkane i Baghdis-provinsen i vest. Seks politifolk vart drepne, opplyser talsmannen til guvernøren.

Sju andre politifolk vart drepne i eit angrep i Baghlan nord i Afghanistan same dag, opplyser ein tenestemann i provinsen.

I Takhar nord i landet vart åtte politimenn skotne og drepne, ifølgje ein medlem av provinsrådet der.

I tillegg vart totalt 23 personar i tryggingsstyrkane såra i hendingane på onsdag. Taliban har teke på seg ansvaret for alle angrepa.

Den afghanske opprørsrørsla utfører nærast daglege angrep mot afghanske militærstyrkar. Dei store tapa har gjort at regjeringa i Kabul ikkje lenger legg fram offisielle drapstal.

(©NPK)

Bildet viser ein afghansk soldat ved åstaden for eit angrep i Kabul i oktober i fjor. Illustrasjonsfoto: Rahmat Gul / AP / NTB scanpix