Over 30 statsleiarar krev klimahandling

Statsoverhovud og regjeringssjefar frå meir enn 30 land har underteikna eit krav om meir handling og større ambisjonar for å kjempe mot klimaendringane.

Det er Austerrikes president Alexander Van der Bellen som har starta underskriftskampanjen, som har fått namnet Initiativet for større klimaambisjonar, i forkant av FNs klimatoppmøte neste veke.

Blant dei 30 statsleiarane som til no har underteikna, er Tysklands president Frank-Walter Steinmeier, Frankrikes president Emmanuel Macron, Israels president Reuven Rivlin og Nederlands statsminister Mark Rutte.

Ifølgje initiativet er det nødvendig at landet i verda handlar «saman, bestemt og raskt» for å avgrense den globale oppvarminga.

(©NPK)