Over 31.000 nye smittetilfelle i Italia

Italia har registrert over 31.000 nye smittetilfelle og 199 koronarelaterte dødsfall det siste døgnet, opplyser helsestyresmaktene.

Talet på påviste smittetilfelle er det hittil høgaste som er registrert i landet på eitt døgn.

Den førre rekorden er frå torsdag, då det vart rapportert under 27.000 smittetilfelle. Dødstala var fredag litt lågare etter tre dagar på rad med over 200 dødsfall.

Talet på intensivpasientar med covid-19 har auka med nesten 100 til 1.746, som omfattar nesten 700 nye innleggingar på berre éi veke.

Koronapandemien har no kravd 38.321 liv i Italia, som til saman har påvist 647.674 smittetilfelle.

(©NPK)

Ein musikar taler under ein demonstrasjon blant dansarar og andre kulturarbeidarar som protesterer mot omfattande koronatiltak i Roma fredag. Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB