Annonse

Over 4.000 koronadøde i Russland

Koronadødstalet i Russland steig med 174 det siste døgnet, til 4.142. Legar åtvarar om at sjukehus er i ferd med å kollapse på grunn av pågangen av koronasjuke.

Talet på smittetilfelle stig rett nok mindre enn før, men legar på sjukehus i St. Petersburg seier at kapasiteten er sprengd.

– Ambulansar kan køyre rundt i byen i sju timar for å finne plass til ein koronapasient, seier ein lege i ambulansetenesta.

Offisielle tal viser at berre 11 prosent av dei til saman 11.000 sjukehussengene i byen, er ledig.

– Sjukehuskapasiteten er sprengd. Eg trur ikkje på offisielle tal som ikkje stemmer overeins med situasjonen vi ser kvar einaste dag, seier legen.

(©NPK)

Lege Osman Osmanov (i midten) tar på seg beskyttelsesutstyr før skiftet hans på intensivavdelinga på Filatoy-sjukehuset i Moskva starta tidlegare denne månaden. Arkivfoto: Pavel Golovkin / AP / NTB scanpix