Annonse

Over 40 skadde i gjengangrep på demonstrantar i Hongkong

Raseriet koka i Hongkong måndag over eit valdeleg angrep på demonstrantar på ein metrostasjon og inne i lokaltog.

Sjukehuskjelder opplyser at 45 menneske vart skadde, og at tilstanden er kritisk for ein mann etter hendinga søndag kveld.

Truleg var det medlemmer av den kinesiske mafiaen - Triadane - som angreip demokratidemonstrantane som var på veg heim etter protestane søndag.

Gjengar med menn i kvite T-skjorter angreip demonstrantane med køller, stokkar og metallrøyr.

Videoar på Facebook viser folk som skrik medan mennene slår laus på dei og på journalistar på Yuen Long-stasjonen og inne i forstadstog. På golvet var det store blodpølar.

Skilt frå Kina

Nokre av mennene vart filma då dei forlét åstaden i bilar med skilt frå Fastlands-Kina.

Politiet i Hongkong vart i ettertid sterkt kritisert for å ha drygt ein time med å komme, trass i at desperate menneske ringde etter hjelp, og for deretter ikkje å ha arrestert valdsmennene som hang i området til langt ut på natta.

Angreip Kina-kontor

Tidlegare på dagen brukte politiet tåregass for å spreie demonstrantar som hadde samla seg utanfor bygget der Beijings representantar har kontora sine. Demonstrantane kasta egg på huset og måla graffiti på veggene.

Hundretusenvis av demokratiaktivistar marsjerte søndag gjennom Hongkongs gater i den førebels siste av ei lang rekke massedemonstrasjonar.

Måndag publiserte det statlege nyheitsbyrået Nye Kina i Beijing ein leiar der dei sterkt fordømte demonstrasjonane på søndag, ikkje minst hærverket mot det offisielle kinesiske representasjonskontoret.

(©NPK)

Ein øydelagt paraply flyg over hovuda på politi under samanstøytane med demonstrantar i Hongkong søndag. Foto: Andy Lo / HK01 via AP / NTB scanpix