Annonse

Over 50 koronatilfelle på Apalløkka skule i Oslo – skulen blir stengd

Appalløkka skule i Groruddalen innfører heimeskule etter at over 50 elevar og lærarar ved ungdomsskulen har fått påvist koronasmitte.

Annonse

14 av 15 klassar er sette i karantene, skriv skulen.

Skulen vil vere stengd til og med fredag 4. desember. Alle klassane vil fram til då få heimeundervisning.

Skulen har ifølgje nettsidene over 400 elevar og 40 lærarar fordelte på 8. til 10. trinn.

(©NPK)