Over 60 millionar amerikanarar vaksinerte

Meir enn 60 millionar innbyggjarar i USA har fått minst éin dose med koronavaksine, ifølgje det amerikanske Folkehelseinstituttet CDC.

Det utgjer om lag 18 prosent av befolkninga i landet på litt over 332 millionar. I alt 31,2 millionar, eller 9,4 prosent, er fullvaksinerte.

Folk som er ferdig vaksinerte kan no treffe andre fullvaksinerte innandørs utan at dei må ha på seg munnbind eller halde minst to meters avstand.

Det gjennomsnittlege daglege smittetalet dei siste sju dagane har falle, ifølgje Johns Hopkins University. Snittet var på 66.162 søndag 21. februar, og var redusert til 57.972 søndag 7. mars.

Det tilsvarande talet for dødsfall er gått ned frå 1.873 til 1.677 dagleg.

(©NPK)

Meir enn 60 millionar innbyggjarar i USA har fått minst éin dose med koronavaksine, ifølgje det amerikanske folkehelseinstituttet CDC. Her vert ein Johnson & Johnson-vaksine gjort klar, som det berre trengst éin dose av. Foto: Jessica Hill / AP / NTB