Annonse

Over 70 prosent av inntektene til avisene kjem framleis frå papir

Papiravisa er framleis den viktigaste inntektskjelda for norske aviser. Men avisene lykkast stadig betre med å få lesarane til å betale for digitale produkt.

Det viser Medietilsynets rapport om den økonomiske utviklinga til avisene i 2018.

- Dette viser at utfordringane og omstillingsbehovet for avisene langt frå er over, sjølv om 2018 altså viser ei litt meir stabil utvikling enn vi har sett dei siste åra, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

- Sidan det framleis er stor usikkerheit rundt dei framtidige inntektene til avisene, blir digitalisering og forretningsutvikling avgjerande for avisene også vidare framover, parallelt med framleis kostnadsfokus og effektivisering, seier Velsand.

Sjølv om inntektene frå papir framleis er viktige, vog den digitale inntektsveksten opp for dei lågare inntektene frå papir i fjor.

- Det ser ut til at avisene i stadig større grad lykkast med å få abonnentane over på digitale plattformer, seier Velsand.

- Tala viser at inntektene heldt seg stabile, samtidig som avisene etter mange år med store kostnadsreduksjonar samla sett har tillate seg å auke kostnadene noko. Eit fleirtal av avisene hadde òg ei stabil eller positiv utvikling i talet på årsverk i 2018. Samla kan desse utviklingsstrekka tyde på at «trykket» har minka noko, seier direktøren i Medietilsynet.

Det samla driftsresultatet til avisene i 2018 vart på 824 millionar kroner. Det er 69 millionar kroner lågare enn i 2017.

- Inntektsutviklinga gjer at lønnsemda til avisene har halde seg rimeleg stabil det siste året. Når vi likevel ser ein liten reduksjon i lønnsemda, er det fordi kostnadene auka noko for første gong sidan 2012, seier Velsand.

(©NPK)

Papiravisa er framleis den viktigaste inntektskjelda for norske avishus. Foto: Berit Roald / NTB scanpix