Over ein million fiskar fanga av turistar så langt i år

Norske og utanlandske fisketuristar fangar mest torsk og sei. Turistfiskeoperatørar har så langt i år rapportert inn at det totalt er fanga 1.150.000 fiskar.

Av dette er 36,8 prosent sleppte ut igjen, hovudsakleg fordi fiskane er for små.

Det er stort sett fanga torsk, sei, kveite, steinbit og uer av turistar som har fiska med organisert turistfiske. Det er fanga mest torsk med 581.000 fisk og sei med 532.000 fisk.

- Som forventa er det i nord fanga mest torsk, medan i sør dominerer sei blant dei rapporteringspliktige artene, seier konstituert seksjonssjef Trond Ottemo ved reguleringsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

I fjor var første året bedrifter som driv med turistfiske, starta med rapportering. Over 1.000 bedrifter er registrerte. Fiskeridirektoratet har laga ei oversikt over alle registrerte turistfiskeverksemder, som også viser kor mykje fisk som er rapportert fanga og sleppte ut igjen ved enkelte bedrifta.

(©NPK)

Norske og utanlandske fisketuristar fangar hovudsakleg torsk, sei, kveite, steinbit og uer. I nord blir det fanga mest torsk. Bildet er frå Reine i Lofoten. Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix