Annonse

Over tusen kunstnarar får statsstipend i 2023

Over 1000 kunstnarar får Statens kunstnarstipend i 2023. Nytt av året er at mange unge har søkt.

– Bak kvart fantastiske arrangement, utstilling, tekst eller framsyning er det folk som hentar i barnehage, betaler dyre straumrekningar og gjer alt for å få endene til å møtast. Målet vårt er at kunst- og kulturarbeidarar over heile landet får betre rettar og arbeidsmoglegheiter, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i ei pressemelding.

Kulturministeren meiner Statens kunstnarstipend er viktig. I år er stipendet tildelt 1008 kunstnarar.

Totalt kom det inn 11.053 søknader frå 4620 kunstnarar. Det er ein auke frå i fjor. Talet på søknader er no like høgt som under første år av pandemien.

Det som skil seg ut frå tidlegare år, er at det er mange unge kunstnarar som har søkt om støtte.

– At så mange unge ønskjer å satse på kunsten, er eit viktig og positivt signal på betydninga av kunstnarstipenda og det å vareta rekruttering til kunst- og kulturfeltet frå alle delar av samfunnet, seier utvalsleiar Trude Gomnæs Ugelstad.

– Årets tildeling viser at vi har mange profesjonelle og viktige bidragsytarar til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. Det vil vi berre ha meir av, legg Trettebergstuen til.

(©NPK)

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen meiner Statens kunstnarstipend er viktig. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK