Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ein 30 år gammal lærar frå Jæren som har vore sikta for oppbevaring av overgrepsmateriale, er sikta for valdtekt av barn under 14 år og varetektsfengsla i fire veker.
npk@npk.no
Publisert: 02.09.2016 kl 17:15
Mannen blei arrestert 25. januar og sat varetektsfengsla fram til 6. juni. Han var då sikta for å ha oppbevart store mengder med filmar og bilete som framstiller overgrep mot barn, i tillegg til å ha filma barn i garderobar knytt til idrettsanlegg og svømmehallar på Jæren, skriv Roganytt.
Tysdag denne veka blei derimot siktinga utvida til å omfatta valdtekt av barn under 14 år. Han blei arrestert av politiet same dagen. Jæren tingrett bestemde torsdag at han skal varetektsfengslast i fire veker.
Ifølgje Roganytt har 30-åringen vore tilsett ved ein barneskule på Jæren. Han har også hatt ei aktiv rolle i frivillig barne- og ungdomsarbeid. (©NPK)