Pandemien har fråteke 5 millionar jobben i Brasil

5 millionar arbeidsplassar gjekk tapt i Brasil, Latin-Amerikas største økonomi, i første kvartal på grunn av koronapandemien.

Arbeidsløysa steig til 12,6 prosent i første kvartal, det høgaste nivået på over eitt år, viser tal frå Brasils statistiske sentralbyrå IBGE torsdag.

IBGE opplyser òg at 89,2 millionar menneske hadde jobb i første kvartal, ein nedgang på 4,9 millionar, eller 5,2 prosent, frå kvartalet før, melder Reuters.

Tapet av arbeidsplassar har ført til ein reduksjon i delen av den arbeidsføre befolkninga som er i jobb, til rekordlåge 51,6 prosent.

Regjeringas prognose tilseier eit BNP-fall på 4,7 prosent i år.

(©NPK)