Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Politisjefen i Paris ønskjer meir tryggleikspersonell for å beskytte publikum under EM i fotball, som startar neste veke, opplyser innanriksministeren.
npk@npk.no
Publisert: 03.06.2016 kl 20:21
Minister Bernard Cazeneuve avviser overfor AP meldingane om at politisjef Michel Cadot av tryggleiksårsaker skal ha foreslått å stengje supportersonen i Paris når det går føre seg EM-kampar i byen.
– Cadot sa ikkje det, seier Cazeneuve i sin første offentlege kommentar om meldingane om den moglege stenginga.
– Cadot informerte meg om under kva for omstende han kan organisere dette. Ekstra personell er naudsynt for å vere fullt i stand til å sørgje for tryggleiken, seier innanriksministeren.
Paris er ein av ni vertsbyar for fotball-EM 2016. Stenging av ei supportersone ville stått i kontrast til dei langvarige forsikringane til regjeringa om at styresmaktene har tryggleiken under kontroll medan meisterskapen går føre seg i perioden 10. juni til 10. juli.
90.000 politifolk, soldatar og andre tryggleiksarbeidarar vil vere i sving under meisterskapen, ifølgje regjeringa.
Cazeneuve opplyser at franske styresmakter no «jobbar for å tilpasse bemanninga for å sikre maksimal tryggleik». Han har ikkje gjeve noko tal på kor mykje meir tryggleikspersonell Paris har bedt om. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.