Parlamentet i Storbritannia er misnøgde med brexit utan avtale

Britiske parlamentsmedlemmer viser igjen at dei er urolege over utsikta til å måtte forlate EU utan ein avtale med unionen på plass.

Dette vart demonstrert torsdag då Parlamentet vedtok at regjeringa ikkje kan suspendere forsamlinga i vekene som leier opp til skjebnedatoen 31. oktober, den dagen forlengingsfristen går ut, melder Reuters.

Parlamentet har tidlegare med klart fleirtal stemt ned utsikta til eit brexit utan ein avtale på plass. Torsdag vart tala 315 mot 274.

Det er framleis uavklart kven som er britisk statsminister på dette tidspunkt, men stalltipset går i retning av Boris Johnson. I motsetning til rivalen, utanriksminister Jeremy Hunt, har Johnson i utvitydige ordelag sagt at Storbritannia forlèt EU ved utgangen av oktober, med eller utan avtale.

Han har òg lufta tanken om å suspendere Parlamentet, dersom dei folkevalde skulle prøve seg på å blokkere brexitplanen hans.

(©NPK)