ANNONSE
Annonse

Pasientar er stort sett fornøgde med fastlegen

Ein ny indikator viser at pasientar er fornøgde med fastlegen på mange område. Men det kan vere vanskeleg å få time ein del stader.

Ein ny kvalitetsindikator viser mellom anna at mange har gode erfaringar med fastlegen og fastlegekontoret på fleire område. Det skriv Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Denne delen av indikatoren er basert på ei undersøking gjort av Folkehelseinstituttet frå september 2021 til januar 2022. Pasientane vart spurde om kor fornøgde dei er med fastlegen. Det kjem fram at dei er mest fornøgde med kategorien Fastlegen og Organiseringen og andre tilsette. På ein skala frå 0–100 gav pasientane denne kategorien ein skår på 77 av 100.

Pasientar i Nordland er minst fornøgde

Det dei er minst fornøgde med, er tilgjengelegheita på time hos fastlegen. Skåren på denne kategorien er 63. Jamt over var pasientane i Nordland fylke minst fornøgde.

– Det blir gjort ein formidabel innsats av flinke fastlegar over heile landet kvar einaste dag. Men mange kommunar slit med å rekruttere fastlegar og å behalde dei erfarne, særleg fordi arbeidspresset på kvar enkelt fastlege er stort. Utfordringane med legedekkinga i nord har vore der i mange tiår, medan arbeidsbelastninga til kvar enkelt lege har vakse gradvis dei siste ti åra, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet.

Mange eldre ikkje vurderte for underernæring

Undersøkinga viser også at mange eldre ikkje blir vurderte for risiko for underernæring.

Av dei eldre bebuarane som er på langtidsopphald på institusjon, vart under halvparten vurdert for risiko for underernæring i 2021. Målet om at alle eldre skal bli sjekka for dette, er altså eit godt stykke unna å bli nådd.

(©NPK)

Mange har gode erfaringar med fastlegen og fastlegekontoret på fleire område, men det kan vere vanskeleg å få time. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

ANNONSE
Annonse