Påstått prisjuks i XXL skal granskast

XXL startar ekstern gransking av det påstått prisjukset i sportskjeda. Samtidig varslar Forbrukartilsynet at dei vil gjere eigne undersøkingar av saka.

Torsdag var XXL i møte hos Forbrukartilsynet for å diskutere saka, som vart avslørt av E24 førre veke. I etterkant av møtet varslar både sportskjeda og tilsynet at saka skal granskast.

XXL har hyra inn advokatfirmaet DLA Piper.

- Dei vil få tilgang til alt vi har av materiale, og dei vil få tilgang til våre tilsette for intervju på alle nivå. Viss vi har den typen aktivitetar i selskapet vårt, då ønsker vi å få vite dette og få ein slutt på det, seier styreleiar og storeier Øivind Tidemandsen i XXL til E24.

Også Forbrukartilsynet skal gjere ei eiga gransking, noko som blir grunngitt slik:

- XXL vil nok gå breiare ut, men vi har meir spesifikke behov. Det er ikkje sikkert undersøkingane XXL gjennomfører, dekker dei behova vi har som tilsynsstyresmakt, seier direktør Elisabeth Haugseth i Forbrukartilsynet.

Jukset XXL blir skulda for, går ut på at tilsette sjølv har kjøpt ei vare for så å ta retur på ho rett etterpå. Så om ein slår opp produktet i XXLs datasystem, verkar det som om butikken har selt fleire varer enn han faktisk har. Slik har kjeda sørgt for at ho kan reklamere med førprisar på vara som kanskje ikkje er reelle.

(©NPK)

Sportskjeda XXL vert skulda for prisjuks. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix