Paven bad om Guds trøyst på den folketomme Petersplassen

Pave Frans bad fredag om Guds trøystande omfamning då han leidde an til bøn på den folketomme Petersplassen.

Den 83 år gamle paven trassa regn og surt vêr då han utan paraply kryssa den berømte plassen og tok sete under eit overdekt podium ved inngangen til Peterskyrkja.

– Frå denne søylerekkja som femnar Roma og heile verda, ber vi om at Herren Far vår velsignar kloden, gir helse til lekamane og trøystar hjarta våre, sa paven.

Frans stod der åleine i skumringa omgitt av stearinlys som sørgde for opplysninga, berre følgt av seremonimeisteren sin, fader Guido Marini. Forsamlinga og dei truande kunne følgje bønna på livestream.

– I fleire veker har det vore kveld. Vi kjenner oss redde og fortapt. Som disiplane i evangeliet som vart teke på senga av ein uventa kvervelstorm. Vi har fatta at vi alle er i same båt, sa paven.

(©NPK)

Pave Frans leidde an til bønn på den folketomme Petersplassen fredag.
Foto: AP/NTB scanpix

Pave Frans kryssa Petersplassen i regnvêret og stod åleine på eit podium utanfor Peterskyrkja.
Foto: AP/NTB scanpix