Annonse

Pelosi vil granske tryggingsapparatet

Leiaren for Representanthuset, Nancy Pelosi, har utnemnt ein pensjonert general til å granske tryggingssituasjonen i Kongressen då han vart storma.

– Vi må kaste lys over heile dette komplekset etter det som skjedde og fordi presidentinnsetjinga står for døra, sa Pelosi då ho fredag utnemnde general Russel Honore til å leie granskinga.

Honore var den som koordinerte granskinga etter orkanen Katrina. Han skal no gjennomføre ei hastegransking av tryggingsinfrastrukturen, forholdet mellom dei ulike etatane og styringa av tryggingsapparatet då tilhengjarar av Donald Trump trengde seg inn i kongressbygningen.

(©NPK)