Pelsdyrbonde trur rapport om Mattilsynet kan hive bensin på bålet

– Tilliten til Mattilsynet er borte, seier bonde Per Olaf Lauvås. No kjem det ein granskingsrapport i kjølvatnet av skandaletilsynet hos han i fjor sommar.

– Viss dei har gjort jobben sin, vil rapporten hive bensin på bålet, seier pelsdyrbonde Per Olaf Lauvås til NTB.

Tysdag kjem KPMG-rapporten der Mattilsynet er sett under lupa. Han kjem etter at NRK og Stavanger Aftenblad i mai skreiv at Mattilsynet etter eit umeldt tilsyn på garden til Lauvås i Sandnes i juni i fjor hadde skrive ein rapport som var full av faktafeil. Dette innrømte også Mattilsynet.

Kort tid etter avsløringa gjekk Harald Gjein av som direktør for Mattilsynet, etter at truverdet til tilsynet hadde vorte trekt i tvil.

– Tilliten er borte

– Mattilsynet har ikkje berre eit alvorleg omdømmeproblem, men står i ei tillitskrise. Mattilsynet har ikkje den legitimiteten dei treng. Det er skapt eit inntrykk av at fleire av dei som fører tilsyn, er aktivistar, sa næringspolitisk talsperson Linda Hofstad Helleland (H) til VG i juni etter at regjeringspartia gjekk inn for den uavhengige granskinga.

NTB har vore i kontakt med KPMG, som ikkje vil kommentere rapporten før han blir lagd fram. Det vil heller ikkje Landbruks- og matdepartementet, som er ein av eigarane til Mattilsynet, og som er departementet som formelt har bestilt rapporten.

Lauvås har sjølv hatt eit møte med KPMG i samband med utarbeidinga av rapporten.

– Eg føler at dei tar dette på alvor, og at dei har gjort jobben dei er sette til å gjere. Det har ikkje Mattilsynet gjort, seier han.

– Vi treng jo eit mattilsyn, men dei er avhengige av tillit for å kunne gjere jobben sin og for å kunne fungere som tilsynsstyresmakt. Den tilliten er borte, i alle fall her i Rogaland.

Ser på tilsynet i primærnæringane

KPMG har fått i oppgåve å svare på to hovudspørsmål:

* Har Mattilsynet eit godt nok system og rutinar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn, og blir rutinane følgde?

* Korleis er forvaltningskvaliteten i Mattilsynets organisering og styring av tilsynsarbeidet?

Granskinga skal sjå på Mattilsynets tilsynsverksemd i primærproduksjonen i grøn og blå sektor, altså husdyrhald, planteproduksjon, fiskeri og fiskeoppdrett. Det er dagens status for tilsynsverksemda til Mattilsynet som skal kastast lys på, og det er primært tidsperioden 2017–2019 dei skal sjå på.

Har vorte kontakta av fleire bønder

Lauvås seier at han har fått mykje støtte etter at han stod fram i vår med historia si.

– Eg har òg vorte kontakta av mange bønder som har fortalt om liknande tilfelle som det eg har vorte utsett for. Det har jo over tid vore snakka om maktmisbruk i delar av Mattilsynet, men at det hadde eit såpass breitt omfang, trudde eg ikkje før eg fekk desse førespurnadene, seier han.

Mattilsynet beklagar

I november tok Ingunn Midttun Godal over som administrerande direktør i Mattilsynet etter at Gjein trekte seg som følgje av Lauvås-saka.

– Vi har forståing for at Lauvås har opplevd oss som uprofesjonelle, og vi gjentar vår orsaking til han. Vi erkjenner at vi har område vi må bli betre på, og dette jobbar vi aktivt med, seier Godal til NTB.

No ser ho fram mot å få vite resultatet av granskinga til KPMG.

– Oppfølging av konklusjonane i granskingsrapporten vil vere viktig i den vidare utviklinga av Mattilsynet. Som tilsynsstyresmakt er vi avhengig av tillit frå Storting, regjering, næring, styresmaktene i land Noreg eksporterer til, og ikkje minst frå folket, seier Godal.

(©NPK)

Mattilsynet blir granska i ein ny rapport som blir lagd fram tysdag. Den kjem i kjølvatnet av ein rapport som var full av faktafeil etter eit tilsyn på garden til Per Olaf Lauvås. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix