Annonse

Pelsdyrbråk fører til nye rundar i Stortinget

Regjeringa har avgjort at pelsdyrnæringa skal avlivast, men krav om betre erstatning skaper trøbbel for stortingsbehandlinga av saka.

- Det er vedtatt at saka som skulle vore sendt vidare 28. mai, er utsett til 4. juni, seier leiar i næringskomiteen Geir Pollestad (Sp).

- Det tolkar eg som eit teikn på at ein ikkje berre har tenkt å stemple gjennom det regjeringa og Bollestad har lagt fram, legg han til overfor NTB.

Totalt har regjeringa sett av 500 millionar kroner til avviklinga av pelsdyrnæringa. Men stortingspolitikarane til regjeringspartia har fått klar beskjed frå fleire av fylkeslaga sine om å sørge for betre kompensasjon i samband med avviklinga.

I regjeringa er det landbruksminister og KrF-nestleiar Olaug Bollestad frå «pelsdyrfylket» Rogaland som har ansvaret for saka.

Det er Venstre som i to regjeringsforhandlingar har fått gjennomslag for å legge ned næringa, av omsyn til dyrevelferd.

(©NPK)

Senterpartiets Geir Pollestad er leiar av næringskomiteen på Stortinget. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix