Pensjonskrav kan skape trøbbel i statsoppgjeret

Tysdag startar lønnsoppgjeret i staten. Trass i at det er eit såkalla mellomoppgjer, kan usemje om pensjon slå knute på forhandlingane.

Tysdag klokka 10 overleverer dei fire hovudsamanslutningane LO, YS, Unio og Akademikerne krava sine.

- Vi krev ein betydeleg reallønnsvekst, seier leiar i YS Stat Pål Naur Arnesen til NTB. Han forhandlar på vegner av 25.000 statleg tilsette i ti YS-forbund.

Staten har tradisjon for å halde seg innanfor ramma for frontfaget, som i år enda på 3,2 prosent. Men dette er berre rettleiande og ikkje eit tak, understrekar Arnesen.

Slag om pensjon

Den store nøtta i oppgjeret blir truleg ikkje kroner og øre, men pensjon. 1. januar 2020 skal nemleg den nye pensjonsordninga etter planen tre i kraft.

Pensjonsspørsmålet skulle eigentleg ha vorte avklart i fjor, men vart utsett. Derfor ligg pensjon på bordet sjølv om oppgjeret er eit såkalla mellomoppgjer som vanlegvis berre handlar om lønn. Den saka kan bli vanskeleg, trur Arnesen.

- Det er no slaget må stå. Dette blir viktig for kommande generasjonar, seier han.

Krev harmonisering

Kampen vil særleg stå om kva som skal inngå i pensjonsgrunnlaget. I tariffavtalen for statleg sektor er det avgrensa kor stor del av dei variable tillegga som skal reknast med. Kommunal sektor har derimot ikkje ei slik avgrensing, og statstilsette krev ei harmonisering av avtalane.

- All lønn utanom overtid bør inngå i pensjonsgrunnlaget, slår Arnesen fast.

Dei andre samanslutningane stiller seg òg bak det kravet.

- Det er særs viktig, kanskje spesielt for dei unge, som skal inn på alleårsopptening, at dei får pensjonsopptening for det dei faktisk tener, noko eg ikkje ser på som eit urimeleg krav. Å ordne opp i forskjellane på dette området, påverkar heller ikkje ramma, seier leiar Egil André Aas i LO Stat til fagbladet Fri Fagbevegelse.

Ulike kulturar

Samtidig kan forhandlingane bli meir kompliserte av at ulike etatar har forhandla fram ulike avtalar lokalt. Til dømes har politiet ein svært god avtale, medan Forsvaret lokalt har avgjort at det aller meste av variable tillegg ikkje skal vere pensjonsgjevande.

- Det kan vere veldig stor skilnad, og solidariteten kan bli sett på prøve. Dette kan blir den store spenninga når vi nærmar oss slutten på forhandlingane, seier Arnesen.

Krava spriker

LO, YS og Unio forhandlar saman om ein avtale, medan Akademikerne har sin eigen tariffavtale.

LO Stat har varsla at i år blir to krav, likelønn mellom kvinner og menn og utjamning av forskjellen mellom høgt- og låglønte, særleg viktige for forbundet. Eit botemiddel for både kvinnelønn og låg lønn er eit generelt kronetillegg til alle, meiner LO Stat.

- Det er det mest naturlege. Det aukar i alle fall ikkje forskjellane, seier Aas.

Akademikerne krev på si side betre lønn for dei med lang utdanning.

- Fleire statlege verksemder opplever at det er krevjande å rekruttere og behalde tilsette med lang utdanning. Vi forventar at oppgjeret bidreg til at staten i større grad kan vinne konkurransen om kompetansen, seier leiar i Akademikerne stat, Anders Kvam.

Frist 1. mai

Arnesen håper dei skal greie komme i hamn innan fristen 1. mai.

- Men ... vi veit jo kor Riksmeklaren held til. Det kan hende at vi kjem til å trenge meir tid til å få alt rundt pensjon på plass. Men det kan òg bli heilt fastlåst, seier han.

Også i kommuneoppgjeret og for Oslo kommune er fristen for å bli ferdig sett til 1. mai.

(©NPK)

Tysdag møtest partane i lønnsoppgjeret for staten igjen rundt bordet, etter innleiande møte i byrjinga av april, då leiar for YS Stat Pål N. Arnesen, Egil André Aas i LO Stat, leiar i Forskerforbundet Guro Elisabeth Lind og leiar i Akademikerne Anders Kvam møtte kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix