Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Tryggleiken i Afghanistan har i det siste halvåret blitt forverra, heiter det i ein rapport frå USAs forsvarsdepartement Pentagon.
nils.myklebost@ntb.no
Publisert: 15.12.2015 kl 18:42
Opprørarar har sett i verk fleire effektive angrep, samtidig som dei afghanske regjeringsstyrkane har lidd større tap enn tidlegare, skriv Pentagon i ein omfattande rapport til Kongressen.
– Framferda til dei afghanske regjeringsstyrkane gjennom heile krigssesongen og dei siste seks månadene har vore ujamn og blanda, heiter det.
Rapporten avdekkjer at det har vore 27 prosent fleire falne og såra blant dei afghanske regjeringssoldatane i perioden frå nyttår til midt i november enn i same periode i 2014. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.