«Pep» må stole på Fernandinho

Manchester City-manager Josep Guardiola må setje sin lit til midtbaneveteranen i midtforsvaret når eit fysisk Watford-lag kjem på besøk laurdag.

Sist helg tapte City overraskande borte mot Norwich, og tittelforsvararane må raskt tilbake på vinnarsporet om dei skal ha sjanse til å henge med gullfavoritten Liverpool.

Kampprogrammet den kommande perioden er gunstig på papiret, men Guardiola har ei stor utfordring. I midtforsvaret ser det særs tynt ut som følgje av skadar på førstevala Aymeric Laporte og John Stones.

Sistnemnde vart skadde i midtveka og er ute ei månads tid, medan Laporte ikkje kjem i spel før over nyttår.

Ny forsvarssjef?

Nicolás Otamendi, som dumma seg ut fullstendig då Norwich scora vinnarmålet i 3-2-sigeren, tar høgst sannsynleg den eine midtstopparplassen mot Watford. I meisterligakampen på onsdag mot Sjakhtar, som City vann 3-0, danna han stopparduo med den defensive midtbanespelaren Fernandinho.

Det er slett ikkje usikkert at den 34 år gamle brasilianaren blir å sjå i den rolla fleire gonger framover.

- Vi har ikkje så mange moglegheiter. Eg trur han er den einaste eg har. Det er andre spelarar som kan spele i den posisjonen, men Fernandinho er ein intelligent spelar, ein utruleg fyr, seier Guardiola, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

- Han gjorde det bra i den første kampen han spelte (som midtstoppar). Han har sjølvsagt mykje erfaring og personlegdom, og folk lyttar til det han seier i garderoben. Det er viktig, held «Pep» fram om mannen som har vore ei svært viktig brikke i City-laget dei siste seks åra.

Tett program

Høgrebacken Kyle Walker er ein annan kandidat til å steppe inn i midtforsvaret dei kommande vekene. Uansett ser det ut til at Guardiola er berre éin skade unna full forsvarskrise.

Eit lyspunkt på venstrebacken er det at Benjamin Mendy onsdag fekk dei første minutta sine med fotball på nesten eit halvår. Han tar truleg den plassen tilbake frå Oleksandr Zintsjenko på kort tid.

Watford ligg sist i Premier League, men viste fine takter då dei slo tilbake mot Arsenal og berga 2-2 sist helg. Det er grunn til å tru at Enrique Sánchez' fysisk tøffe mannskap vil setje forsvaret til City på prøve.

Dei to kommande vekene skal City møte Preston (b, ligacup), Everton (b), Dinamo Zagreb (h, Meisterliga) og Wolverhampton (h).

(©NPK)

Fernandinho kan bli ein nøkkelmann i Manchester City sitt forsvar den neste perioden. Foto: Nick Potts / PA via AP / NTB scanpix

Manchester City-manager Josep Guardiola set sin lit til den brasilianske veteranen Fernandinho. Foto: Jefrem Lukatskij / AP / NTB scanpix