Peppes utfordrar Grandiosa i frysedisken

Peppes Pizza er førebels mest kjent for å levere ferskvare på døra eller til bordet, men no vil restaurantkjeda òg ha delen sin av frossenpizzasalet.

Umoe Restaurants, som står bak Peppes-restaurantane, går saman med daglegvarekonsernet Scandza for å setje til livs frysediskane i butikkane i landet, skriv Dagens Næringsliv. Pizzabotnar, sausar og andre ingrediensar for å lage Peppes Pizza heime er allereie på plass, og no går selskapet eit skritt vidare.

- Vi skal byggje ein pizzabusiness i servicehandel og i daglegvare. Viss vi gjer det bra, kan vi bli store, seier Stig Sunde i Scandza.

Orkla, med merkevarer som Grandiosa og Big One, har i dag drygt to tredelar av frossenpizzamarknaden, som ifølgje analyseselskapet Nielsen er verd 2,3 milliardar kroner. Pizzabakaren er ein annan stor aktør.

Det er forlokkande for Sunde, som saman med partnar Jan Bodd har bygd opp eit konsern som mellom anna eig Synnøve Finden, Sørlandschips, Finsbråten og Leiv Vidar.

- Vi likar å gå inn i ein slik marknad, spesielt når det er så store moglegheiter, og særleg når kategorien er driven av innovasjon, seier Sunde.

- Dette er ikkje ei taktisk greie, men det er ein langsiktig plan som vi gjer med kraft, seier Budd.

(©NPK)

Peppes nøyer seg ikkje med å levere pizza på døra og til bordet. No vil dei også inn på a. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix