Annonse

Per Sandberg får seks månader karantene

Tidlegare fiskeriminister Per Sandberg er pålagt karantene i seks månader etter at han har etablert eiga konsulentverksemd.

Det stadfestar Karantenenemnda overfor Nettavisen. Karantenetida startar 13. august, same dag som Sandberg gjekk av som fiskeriminister.

Som ei følgje av karantenen kan Sandberg få etterlønn i seks månader. Normalt blir det gitt etterlønn berre i tre månader.

- Karantenenemnda har vedteke at Per Sandberg får seks månader karantene i samband med din overgang frå embete som fiskeriminister i Nærings- og fiskeridepartementet til etablering av eiga konsulentverksemd, heiter det i avgjerda.

I tillegg får han fire månader saksforbod for saker som gjeld kvotesystemet, medrekna ressursrente innan fiskerinæringa, skriv Dagbladet.

Sandberg får dermed full statsrådslønn i eit halvår etter avgangen.

(©NPK)

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix