Annonse

Per-Willy Amundsen beklagar til FpU

Per-Willy Amundsen (Frp) beklagar dei tidlegare utsegnene sine om FpU, der han sa dei ikkje hadde bidrege med noko under valet.

Måndag vart det klart at justiskomiteen på Stortinget skal leiast av tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen frå Framstegspartiet.

Same dag tok han til Facebook for å takke for tilliten og å beklage ein tidlegare uttale retta mot ungdomsorganisasjonen til partiet.

– Den siste tida har eg fått reaksjonar etter innlegget mitt om FpU. Eg vil beklage for det eg har sagt, og vil byggje eit godt forhold til ungdomsorganisasjonen vår framover. FpU har vore veldig viktig i valkampen, og gjort ein formidabel innsats ved skulevalet, skriv Amundsen på Facebook.

(©NPK)

FrPs Per-Willy Amundsen under Stortingets munnlege spørjetime onsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB