Klargjør siden...

Alvorleg båtulykke på Bømlo

Alle nødetatar rykte ut etter melding om ei båtulykke utanfor Kråkeneset på Bømlo torsdag ettermiddag. Politiet opplyser at det er snakk om ei alvorleg ulykke.

Personen som var involvert i ulykka vart teken opp på land og behandla av helsepersonell på staden. Luftambulanse frå Bergen og eit redningshelikopter frå Sola deltok i redningsarbeidet.

Først melde Hovudredningssentralen Sør-Noreg (HRS) at vedkommande vart floge til Haukeland med luftambulanse, det avisar derimot HRS og politiet til Bergensavisen.

Til avisa opplyser politiet at det er snakk om ei alvorleg ulykke, utan å kunne gi meir informasjon om helsetilstanden.

(©NPK)

Annonse