Annonse

Pik Botha er død

Den siste utanriksministeren i det sørafrikanske apartheidregimet, Pik Botha, er død, 86 år gammal, opplyser familien.

Botha var sørafrikansk utanriksminister i 17 år og stod fram som ein ivrig forsvarar av raseskiljepolitikken overfor ei kritisk og fordømmande omverd.

Først tre år etter at apartheidregimet fall beklaga Botha offentleg at han ikkje hadde gjort meir for å avskaffe den institusjonaliserte undertrykkinga av Sør-Afrikas svarte majoritet.

Då han møtte for den sørafrikanske sanningskommisjonen i 1997 beklaga Botha også at det ikkje var gjort meir for å etterforske drap og tortur på apartheidmotstandarar som sikkerheitsstyrkane stod bak.

Året etter vekte det ei viss merksemd da Botha trua med å gå til retten for å avkrefte påstandar om at han hadde lege med ei svart kvinne, noko sørafrikanske etterretning visstnok hadde bilde av.

Etter Sør-Afrikas første demokratiske val i 1994, henta Nelson Mandela Botha inn i si nasjonale samlingsregjering der han i to år hadde posten som energi- og mineralminister.

Han trekte seg frå politikken då Nasjonalistpartiet forlét samlingsregjeringa i 1996, men gjekk nokre år seinare ut med støtte til ANCs presidentkandidat Thabo Mbeki.

(©NPK)